blank blank
Velkommen som brukar av eBokBib
Brukarrettleiinga gjeld eBokBib versjon 2. Versjon 3 av eBokBib er nyleg lansert med ein del endringar, og ny oppdatert rettleiing for v.3 kjem.

Før du byrjar
For å bruke eBokBib treng du ein smarttelefon eller eit nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem.

Du må ha lånekort og pinkode frå eit folkebibliotek eller eit b­ibliotek i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Spør ev. biblioteket om lånekort/pin.

 

1. Last ned appen eBokBib

Sørg for at du er tilkopla internett. Gå inn på App Store eller Google Play/Play Butikk. Klikk på forstørringsglaset og søk opp eBokBib.

I App Store kjem det opp ei sky med pilteikn. Trykk ho for å installere. I Play Butikk vil du få opp Installer når du klikkar inn på eBokBib-logoen.

Last ned

  

2. Logg inn med lånenummer og pin-kode

Bruk lånenummeret som står på lånekortet ditt, og pin-koden du brukar for å nytte deg av b­iblioteket sine nettenester.

Manglar du pin-kode? Om du har nasjonalt lånekort kan du få ny pin direkte frå apppen, elles må du kontakte biblioteket ditt.

Logg inn

3. Finn bøker du vil låne

Gjennom valet Finn eBøker nedst på s­kjermen får du opp ei liste over bøker som er tilgjengelege. Bla gjennom oversikta ved å dra fingeren over skjermen til høgre eller venstre. Du oppdaterer lista ved å dra f­ingeren nedover og så sleppe opp.

Menyen oppe til venstre gir deg tilgang til ulike kategoriar, og til høgre er det eit søkefelt som du kan bruke til å søke etter t.d. forfattar eller tittel.

Finn bok
 

4. Vel bok og last ned

Klikkar du deg inn på ei bok, får du opp ein omtale av boka.Du får også høve til å lese eit utdrag på dei 10 første sidene av boka. Klikk på Lån for å laste ned.

Er alle eksemplara utlånte, kjem det opp ein knapp for reservering i staden for lån. Du får b­eskjed på nettbrettet når du kan laste ned boka du har reservert.

Står det Hent på boka, er det såkalla "frie titlar" - bøker du kan hente ned og ha så lenge du vil.
Vel bok

5. Opne boka, og les

Når du har lasta ned ei bok kan du velje å opne ho med ein gong, eller du kan gå tilbake og gå inn via oversikta Mine eBoklån.

Du blar i boka ved å sveipe over skjermen, eller tappe på ei side. Ved å tappe midt på s­kjermen får du opp menyval som gir deg tilgang til å stille inn lysstyrke/bakgrunn, og endre s­krifttype og -storleik. Her kjem det også eit val for å lukke boka, eller du kan bruke tilbaketast på mobilen/nettbrettet.

Opne bok


6. Få oversikt over dine lån og reserveringar

Med valet Mine eBoklån får du oversikt over kva lån og reserveringar du har, og kor lang lånetid du har att.

Du kan laste ned og lese same bok på ulike einingar, ei samla oversikt vil visast her. Dersom du er kopla til internett, vil informasjon om kor langt du er kome i lesinga bli synkronisert m­ellom einingane.

Mine eBoklån viser alle lån, uansett kva eining dei er lånte på.

Låneoversikt


7. Forny eller lever lånte bøker

Sveipar du fingeren over ei bok i Mine eBoklån, kan du velje om du vil fornye eller levere boka. Du kan gi ei vurdering, såkalla stjernekast, av boka når du leverer.

Innlevering og fornying

Bøker må leverast inn på alle einingar dei er lasta ned på før dei er tilgjengeleg for nye lånarar. Bøker blir automatisk sletta når lånetida er ute. 

 

Utlogging og endring av innstillingar

Du treng ikkje logge ut mellom kvar gong du brukar eBokBib, men val for utlogging finn du på sida “Mine e-boklån” under innstillingar øvst til høgre (vist som eit tannhjul eller tre loddrette firkantar).
Her kan du også velje språkdrakt for appen (nynorsk/bokmål/engelsk).

 

Om lån gjennom eBokBib

E-boktilbodet er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og bibliotek i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane.

Du får tilgang til hundrevis av e-bøker, og får same tilbod uansett kva kommune du bur i.

Vilkår for bruk

  • Du må vere registrert lånar ved eitt av biblioteka i fylket.
  • Du kan låne 4 bøker samstundes.
  • Lånetida er 3 veker (21 dagar).
  • Hentefrist for reserverte bøker er tre dagar.

 

Last ned brosjyre med rettleiinga (pdf)

 

 

 

Sjå meir på ebokbib.no.

 

 

Utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek - ta kontakt om du ynskjer å bruke tekst eller bilete.






Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Ebøker
frå biblioteka i Sogn og Fjordane